Vi använder analyscookies för att identifiera problem och för en bättre användarupplevelse. Genom att acceptera godkänner du vår Cookie Policy Acceptera Neka
Odd Nordstoga er ein av sin generasjons aller storste låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Han får oss til å danse og han får oss til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar Nordstoga songar som rorer ved livet me lever. Slik skal god musikk vera. Det er aldri tvil om at denne mannen lever for motet med publikum. Difor er det heller ikkje rart at folk over heile landet har teke han til seg -- i hogtid som i fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennest som ei vitamininnsproyting anten han står åleine med fullt band i lag med gjester eller lyfta av strykarar. Odd er blitt ein nasjonal leverandor av musikk med varig kraft og når han dreg ut på vegen har han både gamle skattar og nye songar med seg i skreppa. No er han aktuell med ny strålande musikk. Og i samband med eit rykande ferskt album som kom i haust tek han med seg sitt glimrande band og vitja Brygga Kultursal Halden